På Fredskonferansen Stopp våpenkappløpet lørdag 24. oktober lanserte Norges Fredslag ein rapport om retten til å søke fritak frå verneplikt. Rappporten er skriven av journalist og forfattar Linn Stalsberg, kjent for blant anna boka Krig er forakt for liv – et essay om fred.

Forfattar Linn Stalsberg og styreleiar i Norges Fredslag, Unni Eikeseth, ved lansering av rapport om militærnekting. Foto: Rigmor Bjerke
Bakgrunnen for at Norges Fredslag lagde ein slik rapport:
- Det synest å vere lite kunnskap blant norsk ungdom om pasifisme og ikkjevaldeleg forsvar
- Mediebildet er prega av forsvarssatsing og av ei tru på våpen for å løyse konflikt
- Vi lever i ei tid det kan bli aktuelt å innkalle fleire norske ungdommar til militærteneste, og der fritaksregelen derfor kan bli meir aktuell enn i dag
Vi meiner derfor at det er viktig å spreie kunnskap om at det er ein menneskerett å søke om fritak frå militærteneste av samvitsgrunnar.
Kva inneheld rapporten?
- Rapporten slår fast at det er ei menneskerett å nekte militærteneste, og den gir også ei innføring i kva det faktisk vil seie «å følgje samvitet sitt»
- Rapporten inneheld også ein enkel punkt-for-punkt rettleiar for å søke fritak fra verneplikt
- Han set også militærnekting inn i ein aktuell og internasjonal kontekst, ved å gi eksempel på militærnektarar i land som i dag er i krig, som Israel, Ukraina og Russland. I Israel finst det organisasjonar som Mezarvot, som støttar militærnekt i det israelske forsvaret på bakgrunn av motstand mot israelsk okkupasjon av Palestina.
- Rapporten gir også ei kort historisk oversikt over den lange kampen for å få fritaksrett frå militæret, og fortel om korleis det kunne opplevast å vere pasifist i Noreg før retten til militærnekt.
- Til sist bidrar rapporten også med kunnskap om sivilarbeidsteneste, som var eit alternativ til militærteneste då det var allmenn verneplikt. Da sivilarbeiderordningen ble avviklet i 2012 og ordet militærnekter forsvant fra lovverket i 2016, ble også en del av språket og historien rundt krigsmotstand mindre synlig. Det betyr ikke at motstanden er borte.
Vi i Norges Fredslag håpar rapporten vil bidra til meir refleksjon og kunnskap om alternativ til pasifisme og ikkjevald og hjelpe norske ungdommar til å ta det valet som er riktig for den enkelte.
Du kan laste ned rapporten gratis frå vår nettside
Les pressemeldinga her: Pressemelding_ Lansering av rapport om militærnekting
