Denne kronikken vart publisert på papir og nett i Klassekampen 6.juni: Utan eit einaste skot | Klassekampen
Uavhengigheitsdagen 7. juni er ei påminning om fredsrørsla si viktige rolle
7. juni 1905 gjekk Noreg ut av unionen med Sverige og blei eit fritt og sjølvstendig land. Det skjedde utan at eit einaste skot var losna og utan at eit einaste liv gjekk tapt. Det hadde ikkje trengt å gå så bra. Kontrasten er stor til Irland, eit anna land som var i tvungen union med eit dominerande naboland. Irane måtte kjempe ein geriljakrig mot britiske styrkar i åra 1919-2021 for å oppnå fridom frå Storbritannia, og krigen førte til over 2300 drepne.
Noregs frigjering frå Sverige kunne også ha endt i krig. Både Noreg og Sverige hadde rusta opp i tida før 1905, og i Sverige fanst det politikarar og militære leiarar som ville ty til militær makt for å halde Noreg i unionen. Når det likevel ikkje vart krig, handlar det blant anna om innsatsen til fredsrørsla i dei to landa.
I ei avhandling om den skandinaviske fredsrørsla skriv Per Jostein Ringsby at fredsvenene sin innsats for den fredelege unionsoppløysinga «ikke kan avskrives som ubetydelig». Avhandlinga framhevar at fredsvenene forsøkte å påvirke politikarar og folkeopinonen, og at dei også søkte å påverke undervisinga i meir fredsvenleg retning. Leiaren i Svenska Freds- och Skiljedomsforeningen, Klaus Pontus Arnoldson argumenterte i svensk allmenheit for fredeleg samkven med Noreg framfor å svare på Noregs ønske om sjølvstende med makbruk. I 1895 publiserte han pamfletten Fred med Norge. Unionen må bära eller brista, der han åtvara sterkt mot ein politikk som ville leie til at unge svenske menn blei tvungne til «att lemlästa och döda sina norske bröder». Arnoldson vart heidra med Nobels fredspris i 1908, blant anna med bakgrunn i innsatsen hans for fred og rolla i unionsoppløysinga.
Leiaren i Svenska Freds- och skiljedomsforeningen (No Svenska Freds) deltok på årsmøtet til Norges fredslag i april 2026 og minna oss om vår lange og viktige felles historie for å bidra til fred mellom våre to nasjonar. Noregs fredslag er saman med Svenska freds sannsynlegvis blant verdas eldste enno aktive fredsorganisasjonar. Svenska freds vart stifta i 1883, og Noregs fredslag i 1885. Begge organisasjonar er høgst levande i dag også. Vår søsterorganisasjon i Sverige har snart 20 000 medlemmer.
I dag er det lett å ta fred mellom Noreg og Sverige for sjølvsagt, men utan fredsnitiativa på begge sider av grensa kunne historia om unionsoppløysinga i staden ha vore ei blodig og vond historie om tapte menneskeliv. Det bør vere ei viktig påminning om at fredsrørsle er viktig for å bidra til å sjå alternativ til opprusting og krig.
Bli med i kampen for fred!
Unni Eikeseth, styreleiar i Norges fredslag
Kjelder:
Arnoldson, K. P. (1895) Fred med Norge. Unionen må bära eller brista. G. Walfrid Wilhelmsson.
NobelPrize.org. (u.å.) Klas Pontus Arnoldson – Facts. Nobel Prize Outreach 2026. https://www.nobelprize.org/prizes/peace/1908/arnoldson/facts/
Ringsby, P. J., & Universitetet i Oslo Det humanistiske fakultet. (2010). 40 års kamp for fred: tre fredsforeninger i Skandinavia 1882-1922 [Institutt for arkeologi, konservering og historie, Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo]. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014060506071
Sejersted, F. Unionsoppløsningen i 1905. Store norske leksikon. https://snl.no/Unionsoppl%C3%B8sningen_i_1905
